Vestnytt / Kultur / Glesvær, vi elskar dokkar!

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Glesvær, vi elskar dokkar!

Glesvær, vi elskar dokkar!

Og Glesvær elskar festival og Pogo Pops. Historias første Periferi-festival vart opna i går.
Publisert 25.08.07 14:08
Endret 25.08.07 14:08

GLESVÆR: Periferifestivalen opna med Finn Erix i idyllisk skjærgardssol, medan Pogo Pops strålte gjennom regnveret seinare på kvelden.

– Vi er slett ikkje sure. Men er det så jævla vanskeleg å skriva alle artistane med like store bokstavar?

Finn Tokvam i Finn Erix held opp festivalplakaten.

– Ja, sjå der. Pogo Pops med store bokstavar. La oss sjå... ja, der står det med lita skrift, Finn Erix. Hm.

– Men vi er ikkje sure, seier makker Halvor Folgerø.

– Nei, vi har ikkje tenkt på det ein gong, understrekar Finn Tokvam.

Hyllest og harsellas
Finn Erix hadde med seg Frode Grytten, og saman hadde dei eit repertoir med hyllest og harsellas til strilane.

– Vi er komne for å orsaka. Vi hadde ingenting med å uttala oss om korleis strilane dansar, sa Finn Tokvam. «Storavisa» Vestnytt fekk dermed sitt for å ha asa seg opp over Finn Erix for to år sidan.

Utover kvelden gleda publikum seg over garasjerock med Team Blitzkrieg som vart avløyst av HP Gundersen And His Patient Orchestra.

Fekk varmen med Pogo
Etterkvart som sola forsvann og temperaturen dalte, fekk publikum likevel opp varmen og våga seg stadig nærare scenekanten. Då Pogo Pops kom på scenen klokka elleve, var Glesvær definitivt sentrum i periferien.

– Pogo, Pogo, Pogo! messa forsamlinga gjennom øl- og sigarettlukt. Og Pogo Pops lot seg ikkje be to gonger.

– Glesvær, vi elskar dokkar, konstaterte vokalist Frank Hammersland.

Kvelden fekk ei rett surrealistisk avslutning med Ro-inn-kino i sidelengs regnver. Vi ser fram til ny fest i kveld med blant andre William Hut, Morten Abel og Sondre Lerche.


Sjå også bildeserie


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477