Gapskratt i fullt telt
Publikum storkoste seg under premieren på revyen «Stril Kreisi» i teltet på Sotratrappo fredag. – Eg er drita kry! seier regissør Yvonne Algrøy.
Endret 23.08.11 10:08
Det var heilt fullt i teltet på Sotratrappo fredag kveld. Årets seinsommarrevy er den tredje som blir vist fram i teltet.
– Eg har ikkje vore her før, men eg har skyhøge forventningar, gliser Ingunn Skår Fjeld mellom pizzajafsane.
Teltduken opnar ein time før revyen startar, slik at folk får kjøpa pizza og drikke og koma i god stemning før teaterlaget får boltra seg på scenen.
– Vi er tre svigerinner her i kveld, fortel Marianne Fjeld. Dei tre har funne seg ein plass ganske langt bak, men med god utsikt til scenen.
Eigenskrivne sketsjar
Det tar ikkje lang tid før poenga kjem haglande og latterbrøla står i kø.
– Hei, alle saman! kvitrar Mannen med den rosa ljåen, framført av Bjarte André Misje. Det var mannen med ljåen som stod bak svineinfluensaen. Ideen fekk han då han såg Paris Hilton med ein søt, liten gris.
Teaterlaget har snikra saman 18 sketsjar til «Stril Kreisi», dei fleste har dei denne gongen skrive sjølv. Det kan dei trygt halda fram med.
Publikum får også eit kjærkomment gjensyn med Ytre Turøy musikklagforeningskorps, som har to ihuga medlemmer i Marielle Glesnes og Anita Vindenes.
Forventningane innfridd
Fjell kommune får sjølvsagt passet sitt påskrive som ein kommune skal i ein revy. Blant dei andre som publikum får møta, er Gudfaren frå Lie, gynekologen, den etniske strilen frå austlandet med smaleperler som kortreist pynt, blomen og kvefsen, Jens Blond og Vanja med stor V, som utruleg nok strauk til matematikkeksamen. Oppgåvene var rett og slett for dumme.
– E da mi skuld at da e so mykje vasskrabbe i år, spør krabben Marielle Glesnes, som var for bleik til å bli kokt men som likevel blei fråteken klørne før ho blei kasta i havet igjen.
– Forventningane blei så absolutt innfridd, ler Ingunn Skår Fjeld etter at applausen endeleg har lagt seg og publikum strekkjer på beina før allsangen i teltet.
– Vanja med stor V var utruleg bra, meiner Marianne Fjeld.
– Eg kjem igjen til neste år, slår Ingunn fast.
Er med på alt
Det var Helga Golten som tipsa teaterlaget om å bruka Yvonne Algrøy som regissør.
– Eg visste at kombinasjonen Yvonne Algrøy og Sotra teaterlag var gull! seier Golten oppglødd.
Ho traff mange karakterar ho tok med seg heim att etter revyen.
– Dei har ei enorm speleglede og har klart å utvikla mange gode enkeltkarakterar som ein trur på. Dette var heilt fantastisk, meiner Golten.
Yvonne Algrøy er ikkje mindre oppglødd.
– Eg er så audmjuk over det dei får til. Eg har kunna henta ut stadig meir, dei er med på alt, seier Algrøy.
Krydder og finpuss
Regissøren meiner teaterlaget ofte grensar opp mot det proffe.
– Dei er så flinke at eg har kunna bruka energien på å krydra og finpussa på detaljar, seier Algrøy og minnar om at teaterlaget gjer heile jobben sjølv.
– Her er det ikkje snakk om å møta opp til sminking. Dei skriv tekstar, syng, syr kostyme, byggjer telt og sel billettar. Samtidig går dei i jobb og deler på førti tusen ungar, ler Algrøy.
Som i fjor blei også denne revyen musikalsk leia av kapellmeister Kristin Skilbrei Bergsvik, som har lært teaterlaget å syngja både tre- og firstemt.
«Stril Kreisi» blir vist også fredag og laurdag dei to komande helgene.
Svigerinnene Marianne Fjeld (f.v.) og Ingunn Skår Fjeld er imponerte over galskapen til Sotra teaterlag. Bak f.v. Lisbeth Andersen og Michelle Eide.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



