Vestnytt / Kultur / Fleirtal for kulturhus

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Fleirtal for kulturhus

Fleirtal for kulturhus

Om få år kan det stå klart eit nytt kulturhus i Fjell. Men då må private investorar med på spleiselaget.

Publisert 27.11.09 15:11
Endret 27.11.09 15:11

STRAUME: – Eit kulturhus hadde vore dødsgøy, meiner ungdommane Fredrik Rå, Victoria Roberts og Natalie Eliassen (biletet).

Sentrale krefter i Fjell har lenge ønskt seg kulturhus. No ser det ut til at planane etter kvart kan bli realiserte.

– Det er lenge sidan kultursalen i rådhuset vart for liten. No bør me få til eit kulturhus, seier Anita Heggholmen (Sotralista).

Sotralista vil bruka 40 millionar kroner på kulturhus i løpet av dei neste fire åra. Fleirtalskoalisjonen (KrF/Høgre/Frp) vil bruka 33 millionar kroner i same periode.

– Me legg til grunn at det kjem private midlar i tillegg, seier varaordførar Georg Indrevik (Frp).

Spleiselag
Koalisjonen har ikkje teke stilling til kor kulturhuset skal koma. Men ønsket om eit spleiselag betyr at det truleg kjem enten sentralt på Straume eller på Nordre Bildøyna. Ernst Einarsen går med planar om å byggja kino ved Sartor senter. Og på Nordre Bildøyna planlegg Liegruppen eit felles bygg for hotell og kulturhus. I fleirtalskoalisjonen vurderer ein om det er mogeleg å få til begge delar.

– Kanskje det er to kulturhus me treng? Det vil me sjå nærare på framover, seier Indrevik.

Også Sotralista meiner at ein no må koma i gang med arbeidet for å få plassert eit kulturhus.

– Me har ikkje tatt stilling til kor det bør liggja enno, seier Anita Heggholmen, som stadfestar at også Sotralista satsar på eit spleiselag med private utbyggjarar.

– Har ikkje råd
Det er tverrpolitisk semje om at eit kulturhus er sterkt ønska. Men striden går på om Fjell kommune, som har stor lånegjeld, har råd til ei slik storstove. Arbeidarpartiet har i sitt forslag til økonomiplan ikkje lagt inn pengar til kulturhus.

– Me meiner at kommunen no må roa ned og ta ein tenkjepause. Eg vil ikkje utelukka kulturhus, men me må vera varsame med kor mykje pengar me brukar dei næraste åra, seier Marianne Bjorøy (Ap).

Men fleirtalet meiner altså at Fjell kommune har råd.

– Me meiner at dette er fullt realistisk, me har budsjettert fornuftig, seier Anita Heggholmen (Sotralista).

– Dette er ei investering til framtidig inntekt for kommunen. Jo meir attraktiv kommunen blir for tilflytting og industri, jo meir inntekter vil me få, seier Georg Indrevik (Frp).

Mange funksjonar
Det er førebels sagt lite om kva eit kulturhus skal innehalda. Men kommunestyret har vedtatt ein kulturplan som listar opp ein del vesentlege funksjonar:

* Kulturverkstadar innan msukk, kunst og multimedia

* Møteplassar, mellom anna opne soner, restaurantar og kafé/uteservering

* Kulturformidling med storsal og småsal til mellom anna teater og utstillingar

* Kulturfaglege miljø innan både offentleg tenesteyting, frivillege kulturorganisasjonar og anna

Ein storsal vil også kunna innehalda kino. I tillegg er det tale om å få kontorplass og lagerplass til frivillege lag. Men i kulturplanen vert det peika på at det å ha private aktørar med på eigarsida, kan gje krav til inntening som gjer det vanskeleg for frivillege lag å nytta kulturhuset.

Planane legg opp til at kulturhuset vert eit samlande storstove for heile Sotra og Øygarden, og kan vera eit alternativ til kulturtilboda i Bergen.

– Me vil i tida framover sjå nærare på korleis eit kulturhus kan verta og kva det kan innehalda, seier Georg Indrevik til Vestnytt.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477