Vestnytt / Kultur / - Fett med sigs

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
- Fett med sigs

- Fett med sigs

 Viss nokon lurer på kva som står på rideren til Fjorden Baby, kan vi røpe at der står det fint lite. Men ein ting vil dei ha, kvar sin pakke med sigarettar.

Publisert 15.04.11 08:04
Endret 15.04.11 08:04

 – Det hender at vi skriv opp andre ting, som solbriller eller sånn. Men vi får det aldri.

Flemmet Buen og Sturle Kvilekval delte villig informasjon med 50 ungdommar frå Fjell, Sund, Øygarden og Askøy som onsdag var på arrangørkurs. Dei fire kommunane har gått saman om eit opplegg om kva som er nyttig å vite dersom ein skal arrangere konsertar eller liknande.

– Vi har fått signal om at dette er ein interessant tema og har jobba ei stund med å få det til, seier Hilde Kristin Egeland, rådgjevar for barn og unge i Sund.

Praktisk å vite

Kurset vart halde på Fjell rådhus og inneheldt tema som konsept, organisasjon, booking og økonomi. Ungdommane fekk også innføring i sikkerheit og avvikling. Representantane frå Fjorden Baby fortalte om kva dei set pris på når dei skal halde konsert. Gunn Hernes frå M-A-P sørgde for å hale informasjonen ut av dei.

– Kven er den kulaste arrangøren de har vore borti, spurte Hernes.

– Det må vere Luis i Kristiansand, han er fantastisk. Han har invitert oss fleire gonger og mellom anna har vi opptrått på Charlie`s Bar, eit lite lokale, men utruleg stemning med folk som bryr seg om musikk, seier Sturle.

– Og det kjipaste?

– Vi har ikkje lyst å nemne namn, men sånne studentstader er det lite orden på. Viss vi ber om ein kopp kaffi, kan det bli komplisert, kanskje fem personar må spørjast før det blir kaffi. Det er litt uklart for folk kva det går i, seier Flemmet.

Dei to bandmedlemmene synest det er fint å bli tatt vare på når dei kjem til ein konsertplass. At der er nokon som viser dei til rette og som sørgjer for at dei har det dei treng.

– Det er også fint om vi blir invitert til eitt eller anna, det treng ikkje vere så store ting, berre noko som viser at vi blir sett pris på.

Lite og stemningsfullt

Sturle og Flemmet var også klare på at det treng ikkje vere store, flotte konsertsalar som lokkar artistar til ein stad, og viste til 5171 Loddefjord.

– Mange artistar kom fordi dei syntest det var stas å opptre på ein liten fotballbane. Det er ofte idealisme og engasjement som ligg bak slike konsertar, og det er tiltrekkande, seier Sturle.

Musikarane frå Fjorden Baby røpa gjerne kva dei har på rideren sin.

– Den er ikkje så heavy, men vi har ein fast post, det er kvar sin pakke med sigarettar.

– Kva med pils då, ville ein frå salen vite.

– Det pleier aldri vere noko problem så det fører vi ikkje opp, fortalte Flemmet.

 

 

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477