Vestnytt / Kultur / Feira julestart med peparkakeby i bygd

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Feira julestart med peparkakeby i bygd

Feira julestart med peparkakeby i bygd

Rong har fått sin eigen by og stasjon. Og det gjer ingenting at materialet dei små entreprenørane har nytta, er av pepardeig.

Publisert 02.12.10 09:12
Endret 02.12.10 09:12

Det luktar jul på Rong - i alle høve på biblioteket på senteret. Tysdag føremiddag vart det liv i bokleiren då ein haug med små byggherrar sette seg på golvet for å høyra på musikk omkransa av eigne meisterverk.

 

For det kan

kallast meisterverk. Barnehagar frå heile kommunen har bygd sine små hus, hytter, stasjonar og peparkakemenn. Nokre med bilete på og andre sittande på hestar. Stolte auge frå små born varma dei vaksne sine hjarte då peparkakebyen vart opna av sjølvaste ordføraren av både peparby og strilabygd, Olav Martin Vik.

Den røynde politikaren var tydeleg rørt av den ekte gleda som spreidde seg ut over det kommunale biblioteket.

 

Medan Geir Barsnes

spreidde musikalsk glede med eigne tekstar, delte kulturkonsulent Liv Edel Mikkelsen ut diplom til dei borna som var møtt opp som representantar frå sine barnehagar.

Det er på sjuande året at born frå Øygarden lagar sin eigen peparkakeby. Den er ikkje blitt rasert av «fudle» bergensarar, og den har ikkje komen på tysk fjernsyn. Men det betydde ingenting då ungane fekk syna fram sine eigne verk.

 

Biblioteksjef Ritha Helland

hadde fått oppdraget med å dela ut peparkaker og saft til dei små etter at juletonane frå Barnses hadde stilna.

– Det er første gongen eg er med på slikt. Det er veldig morosamt, seier den engasjerte og initiativrike biblioteksjefen på Rong.

 

Men det var

ikkje berre peparkaker som vart synt fram tysdag. Glasmåleri laga av barnehender frå barneskulane i Øygarden var hengt opp i vindauga til biblioteket, slik at alle som vil, kan nyta kunsten på nært hald.

Ein av peparmeistrane, Kristoffer Westby (5) synte stolt fram sitt bidrag til peparkakebyen 2010.

– Eg har vore med å laga ein julekrans, seier femåringen som går i Terna barnehage.

Den enorme julekransen i peparkakebyen får andletet til Kristoffer til å lysa opp. Alle borna som var møtt opp på opninga tysdag, flytta seg eitt steg nærare julekvelden.

– Eg gler meg til jul, ja, gliser Kristoffer Westby.

 

 

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477