Vestnytt / Kultur / Eit fotografisk glimt av ei ekte fiskarsjel

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Eit fotografisk glimt av ei ekte fiskarsjel

Eit fotografisk glimt av ei ekte fiskarsjel

Torvald Andreassen er fleire stader på Glesvær denne periferihelga, og ikkje berre på naustet sitt. Fotograf Poul Toft Iversen har skulda for det. Møt årets festivalutstillar og hans objekt.

Publisert 26.08.11 09:08
Endret 26.08.11 09:08

GLESVÆR: Periferifestivalen har etablert seg som ein svært populær festival her i vest. Kvart år presenterer Helga Golten og dei andre eldsjelene frå festivalen ein utstillar.

Denne gongen er det ultralokale bilete av fiskaren og pensjonisten Torvald Andreassen (80)

Naust i naustet
Poul Toft Iversen byrja fotografera den røynde fiskaren Torvald i fjor haust. Sidan då har han festa Sund-sokningen på fleire aluminiumsplater, som no skal stillast ut under Periferifestivalen. Både på kafeen og i eitt av nausta på Glesvær blir dei fantastiske bileta til danske Poul stilt ut.

Sjølv er fotoobjektet nøktern men nøgd.

Poul Toft Iversen vart bergtatt av Torvald første gongen han fotograferte han.

– Det er noko med augene hans. Torvald har ei særs god utstråling, seier Poul Toft Iversen.

Utstillinga er tredelt. Fotografen fortel historia om Torvald ute på fiske, i naustet og heime.

– Korleis har da vore å vera fotomodell over så lang tid?

– Da har vore bra. Eg har ikkje merka så mykje av han, smiler Torvald.

Poul legg til at berre eitt bilete er oppstilt. Resten av dei er situasjonsbilete.

– Torvald er fantastisk. Han er den fødte modell. Torvald forstå situasjonen når eg byrjer å fotografera, og då let han meg gjera meg ferdig, smiler Poul Toft Iversen.

Kjenner seg att
Torvald kjenner seg att i bileta som no heng på Glesvær.

– Ja, dei såg bra ut, fortel Torvald som såg bileta for første gongen berre for nokre dagar sidan.

– Men det er litt spesielt å verta hengt på veggen, smiler han lurt.

Fotografen er svært takksam for den moglegheita han har fått med å følga Torvald Andreassen.

– Det har vore stort, seier Poul Toft Iversen.

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477