Vestnytt / Kultur / Ein engel i Telavåg

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Ein engel i Telavåg

Ein engel i Telavåg

 Sundag var det jamnt slutt. Etter seks år er det slutt for Vestkystfestivalen. Men for ein avslutning. Silje Nergaard i Telavåg er som å døy og koma til himmelen.

Publisert 20.09.11 08:09
Endret 20.09.11 08:09

Som eit symbol på konserten gjekk sola sakte ned i horisonten medan Silje Nergaard sang seg rett inn i hjarta til både publikum og Vestnytt.

Bak i salen sat Rolf Øvretveit, eldsjel og konsertpromotor, og kikka på den siste konserten av dette slaget.

 Han tok Silje og resten av gruppa hennar på tur på Sotra nokre timar før konserten. Den kjente sangaren fekk oppleva Fjell festning og andre sjåverdigheiter før dei vart servert lokal og kortreist mat av arrangørane.

Ramma kunne ikkje vorte betre. Lyset utanfrå spegla seg i vindauga medan Silje Nergaard prestenterte, som ho sjølv sa det, «best of meg».

– Det er ganske spesielt at eg skal avslutta ein slik festival, seier Silje Nergaard.

Ein fullsatt sal ytra ikkje ein lyd. Med to gitarar og si eiga stemme, regjerte ho Telavåg sin store konsertsal.

– Det er fantastisk å arrangera konsertar her. Eg voner at andre vil gjera det. Eg skal hjelpa til, men eg kan ikkje lenger ta det økonomiske ansvaret, seier Rolf Øvretveit.

 Han er litt glad og mest vemodig når siste konserten skal til å byrja.

– Så lenge me kan gå på gode konsertar i framtida her i regionen, så er det ikkje veldig trist at me legg ned Vestkystfestivalen, seier Øvretveit.

Men han medgjer at det er litt vemodig.

– Eg tykkjer det er kjempekult at Silje skal avslutta det heile. Det vert på ein måte ei verdig avslutning, seier Rolf Øvretveit.

 Han har køyrt rundt på stjernene heile dagen, og dei kan melda attende at dei er nøgde med både mat og drikke.

– Den svenske plateprodusenten Pål Svenre er her for å høyra på Silje. Dette er ein manager som har produsert plater til Peter Jöback, seier Rolf Øvretveit.

Etter konserten sa Rolfen til Silje det han ikkje turde å seia på scenen.

– Eg sa at det kun var ein feil med Silje…

– Ka då?

– At ho er gift, gliser Rolf Øvretveit.

– Ka svarte ho?

– Åh…han er så søt, ler Rolfen skjelmsk.

Han legg til at dette var ein av dei beste konsertane han har vore på av Silje Nergaard.

Gitaristane Haavard Bendiksen og Halgrim Bartber var karane som saman med Silje Nergaard gav dei oppmøtte ein fantastisk sundagskveld.

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477