Vestnytt / Kultur / Bytte skulebøkene ut med mikrofonar og rampelys

Har du et tips?

Alle tips til VN behandles anonymt, men det er viktig for oss å vite hvemdu er, slik at vi eventuelt kan få mer informasjon om saken.Derfor ber vi om at du legger inn navn, e-postadresse og telefonnummer.

Namn
E-post
Telefon (nn nn nn nn)
Ditt tips
Bytte skulebøkene ut med mikrofonar og rampelys

Bytte skulebøkene ut med mikrofonar og rampelys

Etter at ungdomsskulen flytta ut av Ulveset skule i fjor haust, var det i år 7. klasse som fekk jobben med å arrangera Kreaprix.

Publisert 29.05.11 13:05
Endret 29.05.11 13:05

Arrangementet Kreaprix har lange tradisjonar ved Ulveset skule.

– På Kreaprix får elevane visa kva dei kan utanom skulefaga, fortel Amalie Nordvik i 7. klasse.

– Folk får visa talenta sine og kva dei driv med på fritida. Det er bra, meiner Steffen Nordvik.

Alle klassane er med

7. klasse har jobba hardt dei siste vekene for å henta inn deltakar og sy saman eit program.

– Det har vore mykje arbeid, men det går jo fint i dag, seier Amalie.

– Det var verre på generalprøven på onsdag. Då var det mykje surr, lovar Irena Djukic. Elevane er ein smule skuffa over at sceneteppet ikkje fungerer som det skal, for det betyr at lyset må av mellom dei heile 28 innslaga på scenen.

– Folk må gjera seg klare i mørkret, konstaterer Irina.

Gymsalen er full, og elevar frå alle klassetrinn på skulen bidrar med innslag. Ulike stilartar innan dans og song dominerer, men det dukkar også opp eitt og anna instrumentalinnslag.

Vanskeleg jobb for juryen

Bakerst i salen styrer Steffen lyd og lys saman med lærar Jon Espen Joranger.

– Det er bra han er med, for eg kan ikkje så mykje om lys og lyd. Eg var veldig spent på førehand, fortel Steffen.

I mediateket heng det 30 – 40 kunstverk. Like ved er det sett opp eit bord for sal av pølser og kaker, som går ned på høgkant i pausen.

– Vi får hjelp av 5. og 6. klasse til maten og kunsten, så vi slepp å gjera absolutt alt, fortel Amalie.

I juryen for sceneinnslaga sit det fire elevar frå 7. trinnet saman med tre lærarar.

– Det er vanskeleg å dømma, meiner jurymedlem Daniel Hjørnevik.

– Ja, det er så mange flinke at det er vanskeleg å skilja, legg Amalie til. Ho synest likevel det er lett å sjå kven som har øvd mykje.

– Nokon har jo øvd i fleire år, påpeikar Daniel.

Hjelpte dei minste

Til slutt klarar likevel både kunstjuryen og scenejuryen å plukka ut pokalvinnarane i dei ulike klassane. Prisen for beste kunstverk i 1. til 4. klasse var det William Fosse Ekren i klasse 2A som fekk, medan Siv Hanne Nesse i 7A fekk kunstprisen for 5. til 7. klasse.

Frå 1. til 4. klasse blei «Gruppe 3» plukka ut som det beste sceneinnslaget. Her var det seks jenter frå 4. klasse som dansa, medan Peter Ingebrigtsen frå 7. klasse stakk av med pokalen blant dei eldste, for sitt gitarinnslag.

Sjarmørprisen var det motegjengen frå 6. klasse som fekk, etter eit flørtande moteshow der gutane kledde seg i jenteklær.

– Eg er skikkeleg imponert over elevane, arrangementet gjekk på skinner, seier rektor Solveig Ellingsen. Ho meiner 7.klassingane rettleia dei yngste på ein positiv måte.

– Dei var støttande før framføringane og rosande etterpå. Det er gode eigenskapar å ha med seg vidare, meiner Solveig Ellingsen.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips en venn




Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Vil ha tunnel til Hjellestad

    Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.

      Nest-Sotra møter Brann

      Nest-Sotra møter Brann

      I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Trygg på at Bjorøytunnelen held

        Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          Myke trafikanter tør ikke gå langs veien lenger

          I morgen-   og ettermiddagsrushet er det mange som sniker i køen på riksveien ved å kjøre gamleveien gjennom Arefjord, og den store trafikkmengden har skremt de myke trafikantene vekk.

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Sponheim seier nei til fire felt på ny bru

            Fylkesmann Lars Sponheim fremjar motsegn til løysinga med firefelts bru i høgspenttraseen.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Siste kortnytt

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477