Bigbang kjem til Periferien
Bigbang, The September When, Odd Nordstoga og Katzenjammer er nokre av dei store artistane på programmet til Periferifestivalen i år.
Endret 06.05.09 15:05
GLESNES/BERGEN: Onsdag presenterte Periferifestivalen programmet for årets festival, som går av stabelen i slutten av august.
The September When
Gjenforente The September When er blant banda som entrar scena på Glesnes i sommar. Bandet fekk ein ny renessanse med det høgst uventa albumet, Judas Kiss.
Nysleppt plate kan Nathalie Nordnes også skilte med. Ho har gjesta Glesnes og festivalen tidlegare, men ville spele igjen i år.
– Eg syntest det var veldig gøy å spele på festivalen den fyrste gongen. Difor vil eg gjerne bidra i år også. I tillegg har eg eit spesielt forhold til Glesnes, sa Nordnes under programsleppet i går. På spørsmål om kva ho synest om programmet, lyder svaret: – Eg trur det blir latterleg bra!
Bigbang toppar plakaten
Trioen Bigbang er i desse dagar eit av dei mest populære banda i Noreg. Dei gav nyleg ut sitt åttande studioalbum, Edendale, og dei har ei lang festivalliste framfor seg i sommar. Periferi-programmet prydast også av andre store artistnamn, deriblant jazzbandet The Farmers Market, Odd Nordstoga og popgruppa Katzenjammer. Dei fire jentene i Katzenjammer er dessutan Roskilde-aktuelle. Bandet skal underhalde Glesnes fredagskvelden under festivalen.
Trekkspelaften
Jentene i Katzenjammer gav ut albumet Le pop i 2008 og har deretter turnert i både USA og England.
Programmet og temaet for fredagskvelden vart ifølge Jørgen Thue til meir eller mindre tilfeldig. Det vart bestemt at alle band som spelar fredagskvelden, måtte ha trekkspel i sin instrumentstall. The Farmers Market har både trekkspel og ei lang turneliste bak seg. Dei har blant anna spelt på Moldejazz etter at dei gav ut albumet Surfin’ USSR i fjor.
Gjengangarar
– På programmet har vi tre artistar som spelar for andre gong, Nathalie Nordnes, Real Ones og Pogo Pops. Dei er booka igjen, fordi vi ynskjer dei tilbake. I tillegg er desse artistane aktuelle for festivalen fordi dei er klare med nytt materiale, forklarar Thue.
– Vi har sett saman programmet med omsyn til at det skal vere god musikk, og stilarten varierer frå metal til folkepop, seier Thue.
Tidlegare har Periferifestivalen avslørt at banda Real Ones og Pogo Pops kjem. Å kunne skilte med desse banda, er ifølgje Thue eit bevis på at festivalen er god.
– Om ikkje artistane kunne tenkje seg å spele her, ville vi heller ikkje fått dei, seier han.
Vil ikkje veksa
Festivalprogrammet for i år er litt dyrare enn i fjor, men ut frå eit tilsvarandre høgare budsjett. Likevel hevdar arrangørane at dei ikkje har ambisjonar om å bli større enn det dei er.
– Målet er å gjere periferien, Glesvær, til eit senter for kultur, og det fyrste spadetaket vert teke to dagar i slutten av august, fortel Thue.
Festivaldiktar Frode Grytten skal sparke i gong festivalen allereie onsdag 26. august og inviterar til Beatpoesi på Glesnes. Fredagen startar med improvisasjon på Bymannsberget, der blant andre Tormod Løvold og Bård Ylvisaker opptrer.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



