Avslutta rockekurs med Garage-konsert
Ungdommane som har gått på rockekurs i Sund i vår, slapp til på scena på Garage på laurdag.
Endret 03.06.10 10:06
SUND/BERGEN: Det er i samarbeid med Akks Bergen at kulturkontoret i Sund for første gang har arrangert rockekurs for ungdom i vår.
– Vi er kjempenøgde. Eg har inntrykk av at ungdommane har hatt det gøy, seier kulturkoordinator Hilde Kristin Egeland.
Gøy på Garage
Trommekurset var det ingen som meldte seg på, dermed blei det arrangert instrumentalkurs i vokal, bass og gitar. Desse kursa gjekk over åtte veker, før deltakarane blei sett saman i band. På dei etterfølgjande samspelkursa kom det fleire deltakarar til.
– Rune Piraten Solberg har vore lærar i vokal, bass, gitar og alle samspelgruppene. Vi er svært nøgde med han, seier Egeland.
Thea Ekerhovd har gått både på vokalkurs og samspelkurs. Frå før syng ho i kulturskulen, så det er ikkje første gangen ho har sunge for folk.
– Det var kjempegøy å spela på Garage. Eg har sunge med piano, gitar og fiolin før, men aldri med band. Det er litt vanskelig, ein må synga så høgt, fortel Thea.
Blir fleire kurs
Ho synest ho har lært mykje på kurset.
– Blant anna korleis ein skal synga i mikrofon, fortel ho. På Garage spelte ho i det samansette bandet som tok namnet Noise of Sund, saman med Emil Bjånes på trommer, Severin Hjelle Nygård på gitar, Marius Fonnes Myren på bass, og Egzona Krasmiqi på vokal. Dei framførte blant anna låten «I love rock ’n’ roll».
Hilde Kristin Egeland lovar at dei blir fleire rockekurs framover.
– Når Sund rockeklubb startar, blir det kurs i ei eller anna form i regi av klubben, gjerne i samarbeid med kulturkontoret, seier Egeland.
Prøva noko nytt
Stian Viksøy Nøkleby har også gått både på vokal- og samspelkurs.
– Eg spelar piano på kulturskulen, men dette er første gongen eg har prøvd meg på vokal, smiler han. Han har ofte fått høyra at han har god sangstemme, og ville prøva noko nytt.
– Det var gøy. Eg lærte mykje sangteknisk, seier han. Før konserten på Garage var han berre ørlite nervøs.
– Eg er blitt vant til å opptre, så det er aller mest gøy på scenen, fortel han.
Stian sang med bandet Screw-driver (biletet), saman med Christian Evensen og Torstein Viksøy på bass, Toni Skjerven på trommer og Andreas Vik Nilsen og Niklas Dyrdal på gitar.
– Vi spelte «Get it on» av Turboneger og «Paranoid» av Black Sabbath. Stemninga var god, meiner Stian.
Heile 22 band spelte under vårens samspelkonsert i regi av Akks Bergen på Garage laurdag. Det tredje og siste bandet frå Sund bestod av Vegard Vardøy på gitar og vokal, Henrik Arnesen Johnsson på gitar og Roar Førde på bass.
Severin Hjelle Nygård (f.v.), Egzona Krasmiqi, Thea Ekerhovd, Emil Bjånes og Marius Fonnes Myren i bandet Noise of Sund framførte blant anna låten «I love rock ’n’ roll» under samspelkonserten på Garage på laurdag.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]



