Vurderer lågare SFO-pris
Rådmannen i Sund har fått i oppdrag å sjå på om halv plass i skulefritidsordninga (SFO) kan bli billigare for foreldra.
Endret 17.06.10 10:06
– Men kva med punkt tre? spør Beate Husa (KrF) hektisk når avstemminga om dei nye SFO-vedtektene i kommunen er overstått.
– Det fekk du jo nettopp gjennomslag for, er svaret over bordet frå Høgre-benken, og Husa vender tommelen opp med eit glis.
Utvidar opningstida
Forslag til nye SFO-vedtekter har lege ute til høyring i vår, og Beate Husa er av dei som meiner kommunen bør ha større visjonar for kva SFO-tilbodet bør innehalda.
– Vi har ein barnehageplan på 32 sider, og SFO-vedtekter på to-tre sider. Det seier noko om korleis vi ser på SFO, som lenge har vore eit stebarn i politikken, sa Husa til Vestnytt i april.
Denne veka fekk ho gjennomslag for at det skal utarbeidast ein felles plan for skulefritidsordninga ved skulane i Sund. I si innstilling hadde administrasjonen lagt opp til at det skulle veljast ei eiga arbeidsgruppe som skulle laga denne planen.
– Eg meiner saksgruppe for levekår og nærmiljø bør få ansvaret for planen, så kan saksgruppa invitera inn aktuelle samarbeidaktørar. Dette må skje i samarbeid med skule og brukarane, sa Husa frå talarstolen på tysdag. Dette fekk ho fleirtalet med seg på.
I dei nye vedtektene blir det opna for at SFO der det er behov for det, kan opna klokka sju om morgonen i staden for klokka halv åtte, utan at prisen blir auka. Vedtektene trer i kraft 1. august.
Halv plass kan bli billigare
Når Husa blei så glad for at det tidlegare omtalte punkt tre blei vedteke, er det fordi ho i det punktet føreslo å gi rådmannen i oppdrag å få fram konsekvensane ved å samkjøra søskenmoderasjon på barnehage og SFO, og dessutan sjå nærare på prisen for halv plass. Husa er ikkje nøgd med at halv plass ved SFO kostar 1635 kroner når heil plass kostar 1985 kroner.
– Det virkar som om vi ikkje vil at folk skal velja halv plass, og eg mistenkjer at det er fordi det er lettare å organisera heile plassar, sa Husa.
Når det gjeld søskenmoderasjon, får ein i dag lågare pris for barn nummer to i barnehagen, men ingen moderasjon når det eine barnet går i SFO og det andre i barnehagen. Dette ønskjer Husa å endra på. Men når prisen går ned for foreldra, går det naturleg nok ut over kommuneøkonomien.
– Vi må sjå på dei økonomiske sidene i samband med budsjettbehandlinga i haust, seier Beate Husa.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]















