Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

I papiravisa:

  • Lokal løpefest
  • Utgreiar både Skogsvåg og Spildepollen
  • Øygarden purrer om pol
  • Fjell kan få 10 millionar i eigedomsskatt
  • Vil byggja seniorbustader på Straume

Les alt i papir- eller pdf-avisa

Leiaren

Satsar på busspendling

Hordaland fylkeskommune er i gang med ei omlegging av kollektivtrafikken der ein skal satsa meir på rutene med størst passasjergrunnlag.

Tofterøy skule vert historie til hausten

Tofterøy skule vert historie til hausten

Rektor Leif Audun Hammersland har allereie førebudd elevar og foreldre på at Tofterøy skule er historie frå hausten av, same år som skulen fyller 60 år.

Publisert 14.06.12 08:06
Endret 14.06.12 08:06

Om kommunestyret gjer som skulegruppa vil, så går Tofterøy skule over i historiebøkene om berre få dagar. Når elevane går ut etter siste skuledag før sommarferien, er det også siste skuledag for Tofterøy som skule.

Rektor Leif Audun Hammersland tykkjer det vert rart.

Skulemannen

Hammersland har vore både elev, lærar og rektor på Tofterøy skule. Sidan 1959 har Leif Audun Hammersland på eit eller anna nivå vore tilknytt skulen.

– Eg byrja på skulen i 1959. I 1971 var eg lærar på skulen, før eg byrja som nyutdanna fast lærar på skulen i 1979, fortel Hammersland.

Frå 1982 til 1990 var han lærar på skulen før han flytta tenestene sine andre stader. I 1990 var han attende som lærar før han i 2000 vart vikarierande rektor på Tofterøy skule. Etter ti år som rektor på Telavåg skule, kom Leif Audun Hammersland attende som rektor på Tofterøy i 2010.

– Korleis vert det å lukka dørene for godt på Tofterøy skule?

– Det er klart det vert svært spesielt på mange måter, seier Leif Audun Hammersland.

Gode minner

Men skulemannen frå Tofterøy tek med seg mange gode og varierte minne frå tida på skulen, både som elev og skulemann.

– Korleis vert det å byrja på Stranda skule?`

– Eg skal fortsetja mi gjerning i administrasjonen, og eg har akseptert at det vert overflytting til Stranda, seier rektoren.

Med kulturmøte i kveld på Trellevik kystkultursenter med elevar, foreldre og besteforeldre, så føler rektoren at skulen får ei verdig avslutning.

I tillegg sit tidlegare rektor, Erling Toft, og skriv på skulehistoria i det siste nummeret av skuleavisa «Havsprøyt».

– Toft vil skriva ei historie kring skulen. Avisa kjem ut til ferien. Det blir eit fint skriv, seier Hammersland.

Byrja tidleg

Rektoren byrja tidleg å førebu alle dei berørte på skulen at ein til hausten skulle byrja på ny skule.

Den 12. april sette han i gang prosessen.

– Me kunne ikkje venta til 20. juni, etter kommunestyremøtet, med å førebu til nedlegging. Det ville blitt kaos. Eg ville gjera dette på ein ryddig måte. Som rektor er eg forplikta til å ivareta personalet og elevar, slik at denne planlegginga var viktig, seier Hammersland.

Han fekk lov av kommunen å setja i gang arbeidet.

Den 23. april gjekk det ut eit brev til dei føresette med informasjon om kva som skal skje i høve overflyttinga til Stranda skule.

– Dette er ein realitet som me alle må forhalda oss til, seier Leif Audun Hammersland.

Leif Audun Hammersland byrja tidleg med prosessen kring nedlegginga av Tofterøy skule. Foto: Kai Svellingen Flatevkvål

 

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Mi meining

              Er du positiv til at Straume skal utvikles til by?
               

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10