Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

I papiravisa:

  • Er i gang med fleirbrukshallen
  • Flyttar sjukehus ut i regionen
  • Jubilant med nyttårsstevne
  • Sommerfugler på kulturmønstring
  • Håndballdamene svake i angrep

Les alt i papir- eller pdf-avisa

Leiaren

Forsøpling og gjenbruk

I fleire veker har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. Det gjer at Bir vurerer å fjerna heile returpunktet. I så fall vil syndene til nokre få gå ut over mange andre.

To Periferi-billettar til overs

To Periferi-billettar til overs

– Vi selte 1.998 billettar. Dermed var vi to billettar unna utselt, gliser Helga Golten.

Publisert 30.08.09 15:08
Endret 30.08.09 15:08

GLESNES: Søndag veksla regnet mellom å hølja og sildra medan den frivillige ryddegjengen var i sving på festivalområdet på Glesnes.

– Først no har vi det veret som blei meldt for fredag og laurdag. No er det nesten berre gøy at det regnar, for det blir ekstra tydeleg kor heldige vi har vore, smiler pressesjef Helga Golten i Periferifestivalen.

Stor variasjon

– Det finst ikkje dårleg ver, berre stygge kler! ropar Morten Abel ut over ein tettpakka Bakke-plen.

Som så mange av artistane som gløda på scenen laurdag under Periferifestivalen, er han glad.

– Eg var her for to år sidan, og no er eg endeleg tilbake, seier han. Denne gongen med The September When.

Men alt klokka halv sju var plenen i kok. Dei som var heldige, kom då ut frå ei intim og intens oppleving med jazzmusikar Mari Kvien Brunvold i naustet til Arne Bakke. Medan publikum var på veg ut derfrå, sveiva Pogo Pops i gang på hovudscenen.

Vidare kom Elektrisk Regn, Real Ones, The September When og det surrealistiske tingingsverket «Bymann og stril», komponert av Jørgen «Dupermann» Træen. Kvelden blei avslutta med Big Bang.

– Det var enorm breidde og variasjon i årets festival. Mykje meir enn tidlegare, meiner Helga Golten.

Godt humør

Medan det var om lag 1.000 menneske inne på området fredagen, var det altså nesten utselt på laurdag.

– Vi hadde lenge tre billettar igjen. Då det var ein halv time igjen av Big Bang, kom det ein kar og kjøpte den tredje siste. Vi ler litt av at det berre var to billettar igjen, fortel Golten.

Ho er dessutan svært nøgd med publikum.

– Politiet fortel at dei nesten ikkje hadde noko å gjera, dei berre kosa seg. Det er alltid nokon som drikk for mykje, men det var lite tumultar. Folk var i godt humør, meiner Golten. Det hadde dei god grunn til.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Mi meining

              Er du villig til å betala bompengar viss det framskyndar sotrasambandet?
               

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477