Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

I papiravisa:

  • Er i gang med fleirbrukshallen
  • Flyttar sjukehus ut i regionen
  • Jubilant med nyttårsstevne
  • Sommerfugler på kulturmønstring
  • Håndballdamene svake i angrep

Les alt i papir- eller pdf-avisa

Leiaren

Forsøpling og gjenbruk

I fleire veker har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. Det gjer at Bir vurerer å fjerna heile returpunktet. I så fall vil syndene til nokre få gå ut over mange andre.

Sotras største møteplass

Sotras største møteplass

Sommarfesten i Straume Idrettspark er blitt Sotras største møteplass for gamle og nye kjente.

Publisert 06.06.10 13:06
Endret 06.06.10 13:06

– Eg går først og fremst for å treffa kjensfolk som eg sjeldan ser, seier Stian Andre Ekerhovd frå Ekerhovd i Fjell. Han kjem saman med broren Ørjan, som også går på sommarfesten for å treffa kjente. Sommarfesten er for mange ein plass ein må gå, uavhengig av kva konsertopplevingar som ventar.

1.000 porsjonar potetsalat

Det er stor variasjon i kveldens musikalske sjangrar. Utanfor det største konsertteltet i Skandinavia spelar dei lokale dansebanda Aristocats og Gruppesax vekselvis til dans mellom dei større konsertane som føregår inne i teltet. Dermed er det ikkje ein einaste stille pause i løpet av kvelden. Gjestene med VIP-billettar starta alt klokka halv seks, med grillmat frå Bergen Kokkenes Mesterlaug.

– Vi har laga potetsalat til 1.000 menneske, skryt Daniel Fortun frå kokkelinja på Sotra vidaregåande skule.

– Vi er berre med og hjelper til med det som trengst, seier Lillian Bjørkedal og Isabelle Skjelvik bak den varme grillen, der det no ligg hamburgerar.

– Det er gøy, folk er veldig venlege, meiner Isabelle.

Til og med tennene

– Han er jo prikk lik! ropar ei dame og ler. Killer Queen med vokalist Patrick Myers som Freddie Mercury blei i 1999 kåra til verdas beste hyllestband. Til og med tannstellet til Freddie Mercury er på plass.

– Betre erstatning kunne vi ikkje fått, meiner Tove Lægreid. Ho har funne vegen tilbake til bordet etter Killer Queen.

– Eg gler meg mest til Boney M, seier Trude Hole frå Berge i Sund, som har fungert som bordvakt ei stund.

Utover kvelden kjem Boney M på scenen, eller rettare sagt ein av versjonane av bandet som var store på 70-talet. Denne versjonen av Boney M kan skilta med eitt av originalmedlemmene, Maizie Williams.

Før Wig Wam får æra av å avslutta kvelden, slepp Øyvind og Astrid Haugen Lie frå Foldnes til med raplåta «Empire state of Sotra». Kva fell vel betre i smak på Sotra enn ein hyllest til Sotra?

Færre gjester enn i fjor

Rolf Øvretveit i Heilt Konge har berre lovord å koma med om gjester og medhjelparar.

– Sotra Sportsklubb og dei andre som har vore med, har gjort ein kjempejobb, rosar han. Også skjenkekontrollen og politiet er nøgde med avviklinga av arrangementet.

Øvretveit opplyser at om lag 3.000 menneske deltok på årets sommarfest. Det er 500 færre enn i fjor.

– Eg er ikkje skuffa, for det kunne blitt mykje verre. Hadde vi ikkje vore heldige med vêret, er eg sikker på at vi hadde gått med bortimot ein halv million kroner i underskot, seier Øvretveit. No håpar han på å unngå underskot.

– Vi har ikkje full oversikt enno, men eg trur vi går ut i balanse, seier Rolf Øvretveit.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Mi meining

              Er du villig til å betala bompengar viss det framskyndar sotrasambandet?
               

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477