Øygarden vil bli eier

Et enstemmig formannskap har vedtatt at Øygarden kommune skal gå inn som eier i det interkommunale selskapet Driftsassistansen i Hordaland – Vann og Avløp.

[14.05.13 11:05]

MC-førar lettare skadd

Ein MC-førar vart lettare skadd i ei bilulukke på Fjell gard søndag i 13.30-tida. Ein bil skal ifølgje politiet også ha vore involvert i ulukka. Begge kjøretøy kjørte i same retning då ulukka skjedde. MC-føraren vart sendt til Haukeland.

[12.05.13 15:05]

Oppbevarte narkotika

Politiet fikk natt til fredag melding om støy og bråk fra en leilighet et sted i Fjell. Politipatruljen kjørte til stedet, og tok seg inn i leiligheten. – I leiligheten ble det funnet en mindre mengde med narkotika.

[10.05.13 15:05]

I papiravisa:

  • Lokal løpefest
  • Utgreiar både Skogsvåg og Spildepollen
  • Øygarden purrer om pol
  • Fjell kan få 10 millionar i eigedomsskatt
  • Vil byggja seniorbustader på Straume

Les alt i papir- eller pdf-avisa

Leiaren

Satsar på busspendling

Hordaland fylkeskommune er i gang med ei omlegging av kollektivtrafikken der ein skal satsa meir på rutene med størst passasjergrunnlag.

Skålar om nokon tar hytta

Skålar om nokon tar hytta

Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.

Publisert 16.05.12 14:05
Endret 16.05.12 14:05

Den 31 kvadratmeter store hytta ligg like ved Arefjordsvatnet ved Brattholmen i Fjell.

– Eg er frå Godvik, men som rørleggar jobbar eg mykje på Sotra. Så kvifor ikkje flytta over brua? spør Stensland. Det var i fjor sommar paret kom over hytta, som altså ligg sentralt på Litlesotra.

Helikopteridé

– Med heimekoseleg kjøkken, bad med snurredo, to sjarmerande soverom og hems er dette tidenes scoop, skriv Stensland i annonsen på finn.no.

Han var ikkje førebudd på responsen.

– Det er heilt sinnssjukt. Ein familie frå Nederland vil ha hytta, ein kar frå Austlandet vil flytta hytta til Stadt for å ha henne som surfehytte, tre ulike folk på Askøy er interesserte, to vil ha henne til Nordhordland, to vil flytta hytta lenger utover på Sotra. Ei polsk åleinemor ville berre flytta rett inn, smiler Stensland.

Han har sagt til alle som ringjer, at det ikkje er prinsippet om førstemann til mølla som gjeld.

– Det er den som kjem med den mest praktiske løysinga for flytting av hytta som får tilslaget, seier han. Den som ligg best an no, er ein mann frå Askøy som gjerne vil bruka helikopter.

– Ikkje veit eg om det finst eit helikopter her i regionenen som klarar å løfta ei hytte som sikkert veg nokre tonn, seier Stensland, som altså ikkje har bestemt seg enno for kven som får seg ei gratis hytte.

18.000 har sett annonsen

Paret gav i underkant av ein million kroner for tomta (inkludert hytta), som er på 660 kvadratmeter.

– Ei hustomt i Godvik-området ville fort ha kosta halvannan million, meiner Stensland. Han jobbar no med å få papir og søknadar klare for innsending til kommunen.

– På nabotomta er det for tida eit bustadhus under oppføring, og tomta vår er regulert for bustad. Så det går nok i orden, reknar Stensland med. Han hadde knapt trudd at nokon ville ringja på annonsen.

– No har vi 18.000 visningar på Finn. Men det gjenstår jo å sjå om vi finn ei god ordning, seier Are Stensland.

Tips en venn




17. mai-feiring i gråvær og varme

17. mai-feiring i gråvær og varme

Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.

    Populær p-plass treng utviding

    Populær p-plass treng utviding

    Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.

      Generalprøve for Brudansen

      Generalprøve for Brudansen

      Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden  frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Sender ballen videre til Fylkesmannen

        Øygarden kommune har laget kostnadsoverslag for opprydding etter bølgekraftruinene. Men hvem som skal betale er fremdeles usikkert.

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          - Innbruddet ødelegger resten av ferien

          Mens pensjonistekteparet Solfrid og Ragnar Audun Sangolt ferierer i Tyrkia har innbruddstyver herjet i boligen på Sangolt.

            Driftsmodell på hengjande håret

            Driftsmodell på hengjande håret

            Opplegget for korleis drifta av Sotra Arena skal vera frå hausten av gjekk gjennom i komite for finans med knappast mogeleg margin.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Mi meining

              Er du positiv til at Straume skal utvikles til by?
               

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10