Ulukke i Øygarden

Ein bil krasja i fjellveggen og havna på taket fredag føremiddag. Politiet fekk melding 10.47. Ingen personar skal vera skada i ulukka, melder Hordaland politidistrikt.

[03.02.12 11:02]

Sjokoladetyvar på Møvik

Like før klokka tre natt til tysdag braut nokon seg inn på Kiwi-butikken i Møvik. Det vart sett to personar som sprang frå staden. Utbyttet vart både magert og feitt - alt dei fekk med seg var litt sjokolade.

[31.01.12 07:01]

Menn mistenkt for rattrus

To menn vart natt til måndag huka inn, mistenkt for rus bak rattet på Ågotnes. Dei to karane i 30-åra måtte inn til blodprøve og er politimelde i saka.

[30.01.12 14:01]

I papiravisa:

  • Er i gang med fleirbrukshallen
  • Flyttar sjukehus ut i regionen
  • Jubilant med nyttårsstevne
  • Sommerfugler på kulturmønstring
  • Håndballdamene svake i angrep

Les alt i papir- eller pdf-avisa

Leiaren

Forsøpling og gjenbruk

I fleire veker har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. Det gjer at Bir vurerer å fjerna heile returpunktet. I så fall vil syndene til nokre få gå ut over mange andre.

Rappa vindaugo til Bergh

Rappa vindaugo til Bergh

– Det er jævla irriterande, for å seia det mildt, seier Svein Bergh. Torsdag morgon plukka tjuvar med seg seks vindaugo og to terrassedører frå Langøy.

Publisert 07.03.10 10:03
Endret 07.03.10 10:03

LANGØY: Svein Bergh har to hus under oppføring for tida i byggjefeltet på Langøy på vestsida av Fjell kommune. Det eine huset har fått vindaugo og dører på plass, det har ikkje hus nummer to.

Sto utanfor huset

– Vindaugo og dørene kom på tysdag, fortel tømrar Robert Låstad. Det var han som oppdaga tjuveriet då han kom på jobb i ni-tida torsdag morgon.

Borte er også ein propanbrennar med gassflaske og det heile.

– Og ei snømåke, seier Bergh syrleg.

– Men du er vel forsikra?

– Forsikra? Det snakkar vi ikkje om no, seier Bergh og peikar på huset som står utan tak, dører og vindaugo. Det er ikkje akkurat vanskeleg å koma seg inn, dessutan stod vindaugo og dørene stabla på pallar utanfor huset.

– Det er heilt vanleg å ha ting ståande slik. Verktøy låser ein jo inn, men slike store ting blir levert med kranbil. Ein tar ikkje med seg eit vindauge i neven, liksom, seier Bergh.

Langt frå uvanleg

Propanbrennaren sto på loftet, så tjuvane har også vore inne i huset. Låstad har sett tydelege spor i snøen etter tjuvane.

– Nike-sko, fortel Bergh.

Vindaugo og dørene er av merket Lyssand.

– Så om nokon får tilbod om å kjøpa nokre Lyssand-produkt til ein billig penge, bør dei bli mistenksame, meiner Bergh.

Dei fekk beskjed av politiet om å venta utanfor, så politiet fekk sikra seg spor.

Det er ikkje første gong verken Svein Bergh eller andre er blitt utsett for tjuveri frå byggjeplass.

– Då vi starta opp dette feltet, blei ei brakke tømt for smøreolje og verktøy for sju-åtte år sidan. Etter det har vi stort sett vore spart for den slags her ute, fortel Bergh.

– Er det vanleg at ein får tjuvgodset tilbake?

– Jau, det hender. Viss ikkje, er det eg som må ta kostnaden denne gongen, seier Bergh.

Såg sølvgrå varebil

Ei historie som verserer om Svein Bergh, er at han ein gong på 90-talet blei fråstolen ein boremaskin som han hadde leigd av eit anna firma. Han oppsøkte då ein person han mistenkte og gav ettertrykkeleg beskjed om kva som ville skje om boremaskinen ikkje dukka opp igjen.

– Jau, det stemmer det. Kort tid etter fekk firmaet ein anonym telefon om kvar dei kunne plukka opp boremaskinen. Så eg var vel ikkje så langt unna.

– Er det ein aktuell framgangsmåte i denne saka?

– Hadde eg visst kven det var, kunne dei forventa seg eit besøk, ja, lovar Bergh.

Ekstra irriterande er det at det ikkje berre er å få tilkjørt nye vindaugo.

– Det er vel ein tre vekers leveringstid på dei. No på vinteren er det kjekt å få husa tette, sukkar Bergh.

Litt utpå torsdagen får han melding om at ein av dei næraste naboane såg ein varebil, ein sølvgrå Toyota Hiace, rundt klokka halv sju torsdag morgon.

– Naboen skulle på jobb då han såg varebilen parkert akkurat der vindaugo sto stabla, fortel Svein Bergh. Har nokon tips i saka, håpar han dei tar kontakt med politiet.


Tips andre

Skriv ut

Tips en venn




Fleire flyktningar til Øygarden

Fleire flyktningar til Øygarden

Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.

    Finværet skapte bilkaos

    Finværet skapte bilkaos

    Det var mange som ville  på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.

      Sølv til Takvam & co

      Sølv til Takvam & co

      Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.

        Guttene i røyken

        Guttene i røyken

        Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          Returpunktet står i fare for å bli fjerna

          I fleire veker på rad har returpunktet i Skogsskiftet blitt forsøpla. – No vurderer vi å fjerna heile returpunktet, seier Tina Skudal i Bir.

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Antal brotsverk gjekk ned i 2011

            Fjell, Sund og Øygarden opplevde 184 færre brotsverk i fjor enn i 2010. No er me langt unna toppåret 2009.

              Siste kortnytt

              Eldre artikler

              Mi meining

              Er du villig til å betala bompengar viss det framskyndar sotrasambandet?
               

              VestNytt
              Skjenet 2, 5353 Straume
              Redaktør: Elisabeth Netland

              Telefon: 56 33 65 00
              Telefax: 56 33 04 10
              Vakttelefon: 480 09 477