Leiter etter veteranbussar frå vår region
Rutebilhistorisk foreining Hordaland manglar bussar frå Fjell, Sund og Øygarden. No er dei på jakt etter vekkgøymde klenodium.
Endret 28.07.10 09:07
På bussterminalen til Tide på Askøy har Rutebilhistorisk foreining nokre av sine gamle veteranbussar. Gamle travarar frå 50-talet og fram til 80-talet står stasjonert i den gamle garasjen til Tide. Foreiningsformann Steinar Natås smiler skjelmsk når han får 60-talsbussen til å putra.
– Denne er utruleg flott. Me har brukt fleire tusen dugnadstimar på denne, smiler Natås før han forsiktig ryggar bussen ut av den trange garasjen.
– Dagens bussar er lengre enn dei gamle, og dei nye passar ikkje inn i desse garasjane. Difor har me fått låna dei, fortel formannen.
Mange rutelag
I dag kjempar nokre få om konsesjonen for å køyra buss i Hordaland. Nokre år attende var det mange fleire selskap som køyrde buss.
– Då hadde me Åsane Billag, BNR, Bergen sporveier, Fana Os Milde og Øygarden Sotra Rutelag. Dei hadde kvar sin farge på bussane. Me har forsøkt å få tak i ein veteranbuss frå kvart selskap, seier Steinar Natås.
Men dei manglar eit par klenodium.
– Me har ikkje nokon bussar frå Øygarden Sotra Rutelag og Bergen Vest, seier formannen.
No ber han folk om hjelp.
– Om det er nokon som har ein slik buss ståande i ein stor garasje eller i hagen, så er me interesserte i å få koma å sjå på bussen. Er det moglegheiter for å restaurera den, så er me interesserte i å overta bussen, seier Natås.
Veteranbusslaget er på jakt etter bussar frå 80-talet og eldre.
– Eg trur noken eksisterer enno, smiler Steinar Natås.
Gamle bussar går godt
Dei fleste bussane som veteranbusslaget reparerer og set tilbake til original stand, kan køyrast. Den eldste bussen er frå 20-talet, og sjølv om den i utgangspunktet står som museumsgjenstand, kan den køyrast óg.
– Den eldste bussen me har, gjekk i rute i Fana, fortel Natås.
RHF Hordaland har 175 medlemmer. Dei restaurerer bussane sine sjølve og er opptatt av at dei kan brukast.
– Me leiger ut bussane våre til bryllup og andre festlege høve, seier Natås.
Han legg til at den beste måten å ta vare på ein gamal buss på, er å bruka den.
Han klappar kjærleg på bussen me sit i, ein Scania-Vabis. Den er frå 1962 og gjekk mellom Bergen og Norheimsund.
– Denne fant me i Os. Den vart brukt som campingbuss, smiler Natås.
– Mykje arbeid å restaurera den?
– Me måtte totalrenovera den. Det tok kring 3000 dugnadstimar, smiler Steinar Natås.
Er det nokon som har ein slik buss, så kan ein ta kontakt med journalisten i Vestnytt eller RHF Hordaland direkte.
Fleire flyktningar til Øygarden
Øygarden kommune har tatt i mot 18 flyktningar dei siste åra. No vil staten at kommunen skal ta i mot fleire.
Finværet skapte bilkaos
Det var mange som ville på tur i helgen, noe som førte til store parkeringsproblemer.
Sølv til Takvam & co
Nyborgs volleyballherrer med Foldnes-gutten Andreas Takvam på laget ble til slutt nummer to i helgens nordiske mesterskap.
Guttene i røyken
Morten Lyngøy (27) og Raymond Fjereide (24) er i ferd med å oppfylle bildrømmen. Sotra-karene har kjøpt seg hvert sitt leketøy og skal etter hvert konkurrere i motorsporten drifting.
Siste kortnytt
- Ulukke i Øygarden [03.02.12 11:02]
- Sjokoladetyvar på Møvik [31.01.12 07:01]
- Menn mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Fire fanga av laserkontroll [30.01.12 14:01]
- Kvinne mistenkt for rattrus [30.01.12 14:01]
- Brann på Brattholmen [28.01.12 18:01]
- AGR med i brasiliansk oljeeventyr [26.01.12 10:01]
- Harald Nordstrand ber om fritak [24.01.12 09:01]
- Påkøyrt bakfrå [24.01.12 08:01]
- Kjørte i lyktestolpe [21.01.12 10:01]
- Ja til Ebbesvik-program [19.01.12 10:01]
- Nei til oreigning på Haganes [19.01.12 10:01]
- Reiarlag skiftar namn [17.01.12 09:01]
- Tatt av hund etter utforkøyring [17.01.12 08:01]
- Plastkonstruksjon i drift [14.01.12 10:01]
- Høyringsfrist for trafikkplan [12.01.12 08:01]
- Utspekulert tjuveri [12.01.12 08:01]
- På tre hjul i tunnelen [09.01.12 16:01]
- Alex heidra på Idrettsgallaen [08.01.12 10:01]
- Ny vinterfestival [05.01.12 09:01]
Mest lest
- Guttene i røyken [27.01.12 14:01]
- Planlegg kjempefelt på Kolltveit [17.01.12 09:01]
- Ny ferje på plass i februar [05.01.12 09:01]
- Nye treningsaktørar på Straume [15.01.12 14:01]
- – Rådmannen vart ikkje pressa [17.01.12 12:01]
- Finværet skapte bilkaos [31.01.12 10:01]
- Krasj i kryss på Straume [10.01.12 17:01]
- Jacobsen er klar til kamp [05.01.12 09:01]
- Butikken opnar kanskje om tre veker [24.01.12 08:01]
- Sotra Kystby opp til debatt [19.01.12 10:01]
- På jakt etter nytt kjøkken [13.01.12 08:01]
- Front mot front på Tellnes [21.01.12 14:01]
- Rådmannen i Sund går av [17.01.12 10:01]
- Langt større enn Klostergarasjen [03.01.12 10:01]
- Ansiktsløftning for 1,8 millioner [24.01.12 09:01]
- Snarleg start for miljønyskaping [14.01.12 10:01]
- Perlemorskyer over Sotra [13.01.12 10:01]
- Forsterket foran vårsesongen [06.01.12 15:01]
- Rekordmange påmeldte til kulturmønstring [26.01.12 10:01]
- Damefotball i Sund igjen [26.01.12 09:01]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Vil vedta mindre helikopterstøy [23.03.06 07:03]





