Frp truar med utkasting
Dersom ikkje tidlegare varaordførar Georg Indrevik og Øyvind Herland innan to veker legg fram den mykje omtalte «mappa», blir det sett i gang prosess for å få dei kasta ut av Frp.
Endret 26.05.12 14:05
Dette blei bestemt på eit styremøte i Fjell Frp denne veka.
– Vi ønskjer ikkje denne situasjonen, men vi kan ikkje halda på slik i all evighet, seier leiar Trude Farstad i lokallaget.
Kan bli ekskludert
Det går no likelydande brev frå leiinga i Fjell Frp til dei to.
– Dei får 14 dagar på seg til å leggja fram mappa. Gjer dei ikke det, vil vi måtta ta vidare steg i samarbeid med fylkesstyret i Frp, seier Farstad.
– Kva inneber det?
– Ifølgje vedtektene kan ein bli suspendert eller ekskludert dersom ein motarbeider partiet. Alle medlemmer må forhalda seg til vedtektene, seier Farstad.
Det er arbeidet med den såkalla «mappa» og offentlege uttalar frå Herland og Indrevik om systematisk forskjellsbehandling i byggjesaksavdelinga i Fjell kommune som er grunnlaget for konflikten.
Framgangsmåten
Då både kontrollutvalet i Fjell kommune og styret i Fjell Frp ba om å få dokumentasjonen på den påståtte ukulturen i byggjesaksavdelinga, viste det seg å bli vanskeleg å få sjå mappa.
– Alle kan samla på offentlege dokument. Men kvifor samla i så mange år og påstå at ein har bevis, utan å gå vidare med det? spør Trude Farstad retorisk. Ho meiner det er vanskeleg å bevisa forskjellsbehandling.
– For ingen byggjesaker er heilt like. Å bevisa at det bevisst er gjort feil, er endå vanskelegare, meiner ho.
Har aldri sett mappa
Farstad understrekar at verken ho eller gruppeleiar Vidar Arnesen har sett mappa, slik Herland hevda i torsdagutgåva av Vestnytt.
– Det stemmer at dei kom med ein powerpoint i styret der Indrevik presenterte nokre enkeltsaker. Men det var trekt ut av heilskapen. Eg kunne ikkje på grunnlag av den presentasjonen trekkja konklusjonar om det var gjort feil eller ikkje, seier Farstad.
Vidar Arnesen sat ikkje i styret på det tidspunktet.
– Vi veit ikkje ein gong kva farge det er på denne mappa, seier Farstad.
Ho meiner det er heilt greitt å vera usamde om saker.
– Men vi må alle jobba for partiets beste, seier Farstad.
Viktig person for Frp
Georg Indrevik har vore ein viktig person og ressurs for Fjell Frp gjennom mange år. Då han gjekk ut av kommunestyret i haust, varsla han at han ville vera minst like politisk aktiv som før og jobba i kulissane. Som leiar i seniorgruppa har han også møte- og talerett i styret i Frp.
– Korleis er det å trua ein tidlegare varaordførar med eksklusjon?
– Han er ein ressurssterk person med mykje kunnskap. Men ein må bruka ressursane sine på riktig måte. Dette er ein beklageleg situasjon, eg ønskjer ro og orden, seier Trude Farstad.
Kritisk til handteringa
– Interne problem skal løysast internt, seier Øyvind Herland. Han reagerer på at leiar i Frp stadfestar overfor pressa at det blir teke grep mot han og Indrevik.
– Dette er berre til skade for partiet, meiner han.
Også Georg Indrevik meiner saka burde vore løyst internt.
– Eit eventuelt vedtak om eksklusjon må heilt til sentralt hald i partiet. Eg tvilar også på om fylkesstyret vil ta dette opp som sak, seier Indrevik. Han ser ikkje at han eller Herland har gjort noko som kvalifiserer til å bli ekskludert frå partiet.
– Eg føler det vi har gjort, er rein Frp-politikk, seier Indrevik.
Han forstår ikkje kvifor han blir pålagt å leggja fram mappa.
– Den er eigedomen til Øyvind Herland. Partiet kan ikkje krevja å få den, meiner Indrevik.
– Løgnaktige påstandar
Indrevik tar avstand frå bruken av ordet «korrupsjon».
– Dette har eg tatt opp med Trude Farstad før. Det er løgnaktige påstandar, vi har ikkje brukt det ordet. Vi har hatt store problem med teknisk etat i Fjell i mange år, noko kan skuldast sakshandsamingsfeil, andre ting kan vera grov uforstand i tenesta, seier Indrevik.
– De har snakka om systematisk forskjellsbehandling, og at Ap-folk oftare får godkjenning. Er ikkje det verre enn «uforstand i tenesta»?
– Ein skal vera forsiktig med å karakterisera slike ting, seier Indrevik.
– Er du skuffa over trusselen om eksklusjonsprosess?
– Eg veit ikkje kva eg skal kalla det. Hadde eg vore i leiinga, ville eg ikkje gjort det på denne måten, seier Indrevik.
Heller ikkje Herland kan sjå at han har gjort noko som kvalifiserer til utkasting.
– Korleis reagerer du på trusselen om eksklusjon?
– Det vil tida visa, seier Herland.
– Kan du utdjupa litt?
– Det vil visa seg korleis ein slik prosess vil gå, seier han.
Har ikkje bestemt seg
Herland understrekar at mappa er laga på lovleg vis.
– Dette er mapper bygd opp etter at folk har tatt kontakt med meg for å få hjelp. Det kjem stadig fleire, eg har knapt tid til anna, seier Herland.
Han meiner det er Frp-politikarar si oppgåve å hjelpa innbyggjarane.
– Folk er redde for å seia noko når dei skal senda inn søknad til kommunen. Eg trur det er mindre redsel i Nord-Korea enn i Fjell, spøker Herland.
– Er du skuffa over partiet ditt?
– Eg har aldri blitt kasta ut av ein restaurant ein gong. Grunngjevinga må ein ta seg av sentralt i partiet, seier han.
Herland har ikkje bestemt seg for om han no vil leggja fram mappa eller ikkje.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Siste kortnytt
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Generalprøve for Brudansen [16.05.13 15:05]
- Privatskule med god plass [20.05.13 09:05]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]












