Brannen blussa opp igjen
Turgåarar varsla måndag ettermiddag om at det kom røyk frå området som brann i Sund sist veke. – Sløkkinga vil ta nokre timar, seier vakthavande brannsjef Nils Anders Mæland.
Endret 28.05.12 17:05
Brannvernet er på staden og sløkkjer etter at turgåarar i Nordsjøløypa i tre-tida oppdaga at det kom røyk frå deler av området som brann sist veke.
– Det er meir vanleg at slike brannar blussar opp igjen enn at dei ikkje gjer det, kommenterer vakthavande brannsjef Nils Anders Mæland i Sotra brannvern. I halv seks-tida var det berre brannmannskap frå Sund på staden.
– Vi har bede om ti personar frå Sivilforsvaret, men vi konkurrerer nok med brannen i Sveio når det gjeld mannskap og ressursar, seier Mæland. Førebels er det langt frå fare for hus i Sund.
– Det brenn i eit område der det alt har brent, og førebels er det mest røyk og lite flammar. Mannskapet går inn frå Golta, derfrå er det ein knapp time å gå med utstyret, seier Mæland. Området der brannen blussa opp igjen, ligg ved Lauvvatnet, like vest for Kausland. Slik situasjonen er no, er brannen under kontroll.
– Brannar er ingen eksakt vitskap, og det kan dukka opp røyksøyler også andre stader i området. Men per no har vi kontroll, seier han. Dermed er det førebels heller ikkje aktuelt å tilkalla helikopter.
Det bles kraftig frå nord og nordvest.
Brannmannskapa gjekk frå plassen laurdag ettermiddag. Sidan då har ikkje området vore overvaka.
– Då vi gjekk frå staden laurdag, hadde det vore svart lenge. I tillegg bur det folk i området som varslar om dei ser røyk. No held vi eit auga med heile området, seier Nils Anders Mæland.
Privatskule med god plass
Telavåg er klar med eit forslag til korleis privatskulen kan sjå ut. Den får god plass til framtidig folkevekst.
17. mai-feiring i gråvær og varme
Solen lar vente på seg, men varmen er behørig tilstede på nasjonaldagen.
Populær p-plass treng utviding
Det er ifølgje eigedomssjef Atle Justad i Fjell mogleg å utvida parkeringsplassen for Fjell festning, som svært ofte er smekk full.
Generalprøve for Brudansen
Til låten «In my head» av Madcon viste alle elevene mellom 5. og 7. trinn i Øygarden frem dansen de skal fremføre på Rongesundet bru fredag 24. mai.
Siste kortnytt
- Trafikkuhell ved Sartor [21.05.13 16:05]
- Øygarden vil bli eier [14.05.13 11:05]
- MC-førar lettare skadd [12.05.13 15:05]
- Oppbevarte narkotika [10.05.13 15:05]
- Nesten i hundre på Straume [13.05.13 08:05]
- Gutt fast i fjellhylle [06.05.13 14:05]
- Seilbåt sett i Nordhordland [04.05.13 12:05]
- Herland-muren opp på nytt [03.05.13 14:05]
- Politiet på sporet etter sykkeltyver [02.05.13 09:05]
- Andreassen i Bergen Næringsråd [02.05.13 09:05]
- Promille på Tellnes [30.04.13 10:04]
- Russ påkjørt på Torsvik [30.04.13 10:04]
- Stjal sykler i Sartorparken [30.04.13 10:04]
- Utforkjøring i Tellnesskogen [26.04.13 16:04]
- Tyveri av tilhenger [23.04.13 09:04]
- Stjal verktøy fra container [23.04.13 09:04]
- Ni mål for Sotra SK [21.04.13 09:04]
- Velta med motorsykkel [21.04.13 18:04]
- Knuste ruter i to biler [20.04.13 07:04]
- Arrangerer konkurranse for jenter [18.04.13 15:04]
Mest lest
- Sartor endrar p-avgifta [25.04.13 13:04]
- Ser lyst på fremtiden til Rong senter [03.05.13 14:05]
- Utsette skulesaka [25.04.13 11:04]
- Kvinne funnet død på Kolltveit [27.04.13 13:04]
- Kjemper sammen mot dopingmidler [26.04.13 16:04]
- «Før var eg heilt stum, no føler eg meg heilt trygg» [03.05.13 13:05]
- Folk misliker parkeringsavgiften [20.04.13 07:04]
- 17. mai-feiring i gråvær og varme [17.05.13 13:05]
- Blåste gjennom mila [02.05.13 14:05]
- - Lyskryss ved Valen monnar lite [03.05.13 14:05]
- Feirar førti år med ny plate [26.04.13 16:04]
- Ønskjer tydeleg driftsmodell [07.05.13 08:05]
- - Innbruddet ødelegger resten av ferien [14.05.13 11:05]
- Nesten for Nest [01.05.13 19:05]
- CCB styrker posisjonen sin i Øygarden [22.04.13 08:04]
- Klare for fest, knuter og røde drakter [25.04.13 10:04]
- Leteaksjon avsluttet uten funn [03.05.13 17:05]
- Rektor er habil i skulesaka [21.04.13 11:04]
- Giske smakte på ung skaperkraft [23.04.13 08:04]
- Sondre var rett regent på festninga [24.04.13 15:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Kan miste lappen etter «burning» [14.03.08 15:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Badeveret er kome til Sotra [27.06.09 08:06]
- Sartor setter på parkeringsbremsen [13.11.08 10:11]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]











