– Samanslåing på sikt
Region vest får no pengar frå staten til samarbeid, mellom anna innan barnevernet. – Ei viktig støtte til regionen, seier Olav Martin Vik.
Endret 28.07.10 09:07
Ordføraren i Øygarden er styreleiar for Regionrådet vest, det nye forumet for samarbeid mellom Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Tidlegare denne månaden kunngjorde Fylkesmannen i Hordaland at regionen får til saman 700.000 kroner i støtte til ulike samarbeidsprosjekt.
– Pengane er viktige for prosjekta, enten det gjeld barnevern eller planfagleg samarbeid. Like viktig er den støtta Fylkesmannen signaliserer til denne regionen og arbeidet me er i gang med gjennom det nye regionrådet, meiner Olav Martin Vik.
Samarbeidsprosjekt
For det er ikkje i utgangspunktet enkelt å trekka til seg offentlege midlar til samarbeid mellom kystkommunane vest for Bergen. Vik opplever særleg at Hordaland fylkeskommune held eit stramt grep om pengesekken.
– Der er nok ei oppfatning på fylket om at desse kommunane har så store ressursar at dei greier seg sjølv. Men hjå staten sin mann har me hatt hell med søknader før. Me er sjølvsagt glade for støtta også denne gongen, seier styreleiaren i regionrådet.
Det er fire prosjekt i regi av Regionrådet vest som no får pengestøtte frå Fylkesmannen:
* 400.000 kroner til eit prosjekt for å innføra felles sakshandsaming for plan- og byggesaker.
* 100.000 kroner til interkommunalt samarbeid om utvikling av kart.
* 100.000 kroner til tiltak for å førebygga kriminalitet i regionen.
* 100.000 kroner til å gå gjennom dagens organisering av barnevernet og synleggjera løysingar for eit betre og meir effektivt barnevern.
Meir makt lokalt
– Når det gjeld barnevernet meiner me at målet må vera ei teneste som er fullt ut kommunal. Då treng me eit sterkare samarbeid mellom kommunane i regionen, slik at me får breie og sterke fagmiljø, meiner Olav Martin Vik.
Barnevernet er i dag organisert som ei todelt teneste mellom stat og kommunar. Denne ordninga møter kritikk for skeivfordeling av ressursane. Kommunane opplever at dei må ta brorparten av dei tunge sakene, medan det statlege BUF-etat sit med størsteparten av makt og ressursar.
– Det me treng er ei effektiv førstelinjeteneste ute i kommunane. Det er dei medarbeidarane som møter ungane andlet til andlet me treng fleire av, ikkje eit stort bakland av papirflyttarar, meiner Vik.
Han vil ha mindre makt hjå staten og meir ansvar ut til dei som sit tett på brukarane. Med meir ressursar og mynde til å velja tiltak for dei barna som treng omsorg utanfor eigen heim, får ein også behov for eit større fagmiljø lokalt.
Det er her samarbeidet i regionen kjem inn.
– Ein treng å drøfta vanskelege saker med eit større fagmiljø. Det kan me få til lokalt gjennom samarbeid i regionen, seier styreleiaren.
Målretta ungdomsarbeid
Fjell, Sund og Øygarden har allereie eit samarbeid om tiltak for å førebygga kriminalitet og rusmisbruk hjå barn og unge, mellom anna gjennom ein såkalla SLT-koordinator. No får dei pengar til å samordna dette og andre tiltak med Askøy kommune.
– I tillegg til arbeidet med å samordna breie tiltak mot ungdom, treng me tilbod som er retta meir direkte mot barn og unge i utsette miljø. No får me støtte mellom anna til auka samarbeid med frivillige lag og organisasjonar i dette arbeidet, seier Olav Martin Vik.
I Fjell har leiar Vidar Arnesen (Frp) i komite for drift lenge etterlyst meir ressursar til barnevernet lokalt. Han vil framfor alt ha meir pengar til kvar kommune, men er open for større samarbeid i regionen.
– Så lenge dei tilsette er med i prosessen og ønskjer eit slikt samarbeid kan det bli bra. Særleg med tanke på å dra vekslar på ulik kompetanse, slik at ein samla får eit betre fagmiljø i dei fire kommunane, seier Vidar Arnesen.
Han meiner at barnevern er eit av dei felta der behovet for offentleg omsorg og utgiftene til dette berre vil veksa i åra som kjem. Arnesen meiner det er positivt at fleire vert fanga opp og understrekar kor viktig det er å gripa tidleg inn når barn lir.
– For å få dette til treng me samarbeid. Sjølv er eg overtydd om at desse og andre oppgåver ein dag vert så store at kommunane må slå seg saman. Den overgangen vert lettare viss me allereie samarbeidar tett, meiner Vidar Arnesen.
Brorparten av pengane frå Fylkesmannen går altså til eit prosjekt for felles sakshandsaming i plan- og byggesaker. Men styreleiar Olav Martin Vik gjev ingen signal om at auka samarbeid skal føra til felles fageiningar i region vest.
– Medarbeidarane må sjølvsagt med i arbeidet, men me ser ikkje føre oss ei felles eining for til dømes byggesak. Men me kan avlasta kvarandre, utveksla kompetanse og saman få eit fagmiljø som er så stort at det vert lettare å rekruttera og halda på fagfolk, seier Vik.
Skålar om nokon tar hytta
Are Stensland og sambuaren kjøpte seg ei bustadtomt med ei hytte på i fjor. No gir dei hytta gratis til den som kjem med den beste flytteidéen.
Vil ha tunnel til Hjellestad
Byrådet i Bergen har bestemt seg. Får dei det som dei vil blir det tunnel frå Bjelkarøy til Hjellestad. Alternativt vil dei berre oppgradere ferjesambandet. – Me må gjera noko me har råd til, seier byråd Filip Rygg.
Nest-Sotra møter Brann
I 2009 ble Nest-Sotra slått ut av Brann i tredje runde i cupen. Nå blir det revansjeoppgjør.
Trygg på at Bjorøytunnelen held
Kystverket har inga frykt for at tunnelen til Bjorøyna skal kollapsa under sprengjinga i Vatlestraumen. Men øyfolket er skeptiske trass alle forsikringar.
Siste kortnytt
- Trekkspelarar på festningen [15.05.12 14:05]
- Sponheim snur på brua [15.05.12 12:05]
- På tabelltopp [15.05.12 08:05]
- Velta hengar på Sotrabrua [13.05.12 16:05]
- Dykkar teken av straumen [13.05.12 14:05]
- Jente påkjørt på Landro [13.05.12 10:05]
- Styreval hjå seniorradioen [10.05.12 08:05]
- Storebø rådmann til over sommaren [10.05.12 08:05]
- Folkemøte før sprenginga [10.05.12 08:05]
- Fann båt på rek [09.05.12 13:05]
- Nok ein båt stolen [08.05.12 15:05]
- Tatt med hasj [06.05.12 13:05]
- Thune innstilt som Sund-rådmann [04.05.12 16:05]
- Skogsvåg knuste all motstand [29.04.12 16:04]
- Sund-ungdomar fekk pris [27.04.12 13:04]
- Fylkesrådmannen blir bybanesjef [27.04.12 13:04]
- Pengar til hamneutgreiing [27.04.12 13:04]
- Frontkollisjon på Sotra [25.04.12 08:04]
- Stolen båt funnen att [24.04.12 09:04]
- Brann i busskur [22.04.12 10:04]
Mest lest
- Alexander Dale Oen er død [01.05.12 13:05]
- – Øygarden er i sorg [01.05.12 16:05]
- «Ei lokal miljøtragedie» [03.05.12 10:05]
- – Tungt å sjå framover uten lokomotivet [11.05.12 14:05]
- Kondolanseprotokoll i rådhuset [02.05.12 09:05]
- Vert gravlagt fredag [07.05.12 13:05]
- Her kjem tunnelen [24.04.12 09:04]
- Lange køar etter frontkollisjon [25.04.12 08:04]
- Sponheim seier nei til fire felt på ny bru [14.05.12 09:05]
- Gravferda til Alexander Dale Oen [11.05.12 11:05]
- Rosaruss på kne for dei på vidaregåande [27.04.12 13:04]
- Telavåg spelte opp til fotballfest [28.04.12 21:04]
- Tapte første hjemmekamp [24.04.12 19:04]
- Tar hotellkampen mot fylkesmannen [26.04.12 10:04]
- Raskest av 400 opp Russarstegen [16.04.12 13:04]
- Satsar på folkemøte før sprenginga startar [17.04.12 09:04]
- Herland-muren er blitt ei juridisk nøtt [19.04.12 08:04]
- Vil ha tunnel til Hjellestad [15.05.12 15:05]
- Flere med full pott [27.04.12 13:04]
- Spiller inn liveplate på Glesvær [26.04.12 10:04]
Mest tipset
- God start for Glesnes [28.06.07 19:06]
- E-post er like offentleg som brev [09.03.06 07:03]
- Leika på transformator [10.03.08 16:03]
- Det blir Periferifestival [31.01.08 10:01]
- Nest-Sotra vant fotballkrigen [18.09.10 21:09]
- Lagar filmklubb for eit breidt publikum [26.02.10 15:02]
- Stopper brunsnegler med elektrisk gjerde [10.08.07 15:08]
- Hadde pytonslange som kjæledyr [03.09.07 14:09]
- Halvert straff for Mjeldheim [12.12.07 11:12]
- Illustrerer til Staalesen [19.10.07 14:10]















